Reisebrev fra Uganda, januar 2018

Vil DU være med å støtte planting av HgK i Kenya og Uganda?

Eit sterkt møte med ein hardt prøva familie.

Besøk i ei nystarta kyrkje

Første søndagen i Uganda i januar 2018 var vi invitert til Gospel Hope Church-Kiijjabijjo, i daglegtalen: Alice’s kyrkje. Dette er ei lita kyrkje ca. 1 time frå Kampala. Rommet består av tre veggar av bambus, halve taket av bølgeblekk og resten av taket er ein presenning. Inne i rommet var det dekorert med tynne tøystykke. På eit kvitt tøystykke med blonder rundt, var det skrive: «Full word of God» med gullbokstavar.

Musikken var ei tromme somt rytmeinstrument som var laga av blikkboksar med erter eller tørka bønner! Lovsongen tona fleirstemt og barn og vaksne dansa om kvarandre! Framme ved alteret sto ein mann vi hadde møtt tidlegare, Isac, men vi visste ikkje at han var den som skulle tolke for oss.

Tankane våre gjekk tilbake til første gongen vi møtte han og kona, 2 år tidlegare.

Seminar i Kiryandongo, 2016.

Vi var i Kiryandongo i Nord-Uganda og hadde seminar i regi av «Helhet gjennom Kristus (HgK)». Der blei vi presentert for Alice av ei veninne. Alice verka svært nedtrykt, hadde vanskar med å løfte blikket. Ved hjelp av tolk fortalde ho at ho hadde det svært vanskeleg, ho hadde mista underarmen i ei ulykke som liten og hadde p.g.a. dette eit betydeleg handikap. Vi avtalte å møte heile familien når vi var tilbake i Kampala.

Besøk i heimen.

Alice hadde tre barn. Eldstemann, Alpha, var sjuk då vi kom heim til ekteparet. Mannen, Isac, var heime. Det var svært lite liv i andletet hans og han  verka nedtrykt og trist. Han hadde vanskar med å få seg jobb, hadde berre sporadiske småjobbar der han tente lite. Dei hadde ikkje pengar slik at dei kunne sende Alpha på skule.  Vi tilbydde foreldra at Alpha kunne koma inn i skuleprogrammet til Ebenezer Child Care Ministry.

Vi utfordra Isac til å delta på ungdomsseminaret som skulle vere på yrkesskulen hos Gideon, og gav han pengar til transport.

Å møte igjen dette paret i kyrkja denne søndagen, og høyre og oppleve Isac, gjorde oss overvelda og takksame til Gud. Det hadde skjedd ei guddommeleg forandring hos denne mannen! Vi inviterte ekteparet til lunsj neste dag for å snakke med dei begge og høyre historia deira.

Samtale i hagen

Alice og Isac kom på ein «bodaboda», mopedtaxi. Vi fann oss ein fin plass på plenen under eit tre. (På biletet over ser de Alice og Isac saman med Jorunn og Magne).

Alice og Isac fortel at dei begge kjem frå muslimske familiar. For ca. 10 år sidan tok dei avstand frå denne religionen og valde å verta kristne. Alice seier at ho hadde fått eit godt inntrykk av kristne då ho mist armen sin. Det hadde kome kristne til henne som bad for henne og viste henne omsorg og kjærleik. Dei muslimske rundt henne avviste henne fordi ho hadde eit handikap. Seinare som vaksen byrja ho å undre seg over religionen som ho høyrde til og opplevde at dei blei oppmoda og opplært til å hate og avvise personar som var litt annleis, og dersom nokon ville forlate den muslimske trua. Ho undra seg  også over at dei alltid bad dei same bønnene: «Gud er stor» Det var lite fokus på det åndelege, berre det fysiske og om ytre renselse. Alice bestemte seg for å gå over til kristendommen. Ho vart difor avvist av heile familien.

Det same skjedde med Isac. Etter at han hadde forlete islam, vart han fanga av slektningar og forsøkt teke livet av. Han har framleis merker på hendene etter dette. Han klarte å rømme.

Desse to fann kvarandre. Dei hadde same bakgrunn og historie. Dei gifta seg. Isac hadde behov for å reise tilbake til landsbyen og vise fram kona si til familien. Dette fall dårleg ut.  Han blei igjen jaga bort frå landsbyen då han og Alice kom der.

Livet for desse to har ikkje vore lett. Dei var heilt aleine utan familie å støtte seg til. Avvisinga frå dei som var deira næraste, skapte djupe sår hos dei begge. I tillegg hadde Alice sitt fysiske handikap som også hadde ført til avvising. Dei var nedtrykte og fortvila og hadde ikkje noko von. Alt var håplaust.

I januar 2016, var dette situasjonen. Alice venta sitt 4. barn og dei hadde bestemt seg for å gå frå kvarandre fordi livet var så vanskeleg.

Guddommeleg forandring!

Då Alice kom tilbake frå seminaret i Kiryandongo, såg mannen at noko hadde skjedd med henne. Ho sa til mannen: «Sett deg ned og høyr på det eg har å fortelja»! Etter litt motstand, sette han seg ned og lytta. Alice fortalde om det ho hadde høyrd på seminaret. Om bindingar, indre sår og tilgjeving, og korleis ho hadde teke imot dette i sitt hjarte. Ein lekedomsprosess hadde starta i henne.

Isac blei med på ungdomsseminaret dette året, og i januar 2017 reiste dei saman til Kiryandongo for å vere med på det store seminaret der. Isac hadde også hatt samtaler med pastor Sula som er en av lederne i HgK sitt arbeid i Uganda.

Så i staden for å gå frå kvarandre, har dei fått oppleve den forvandlande krafta som kan tilgje, lege og setje fri. Sjølv om dei framleis har ein veg å gå, er dei ein familie med glede og håp.

Det som også imponerte oss, er at dei har forstått bodskapen og er i stand til å bringe det vidare! Alice er evangelist ho går rundt frå hus til hus og fortel om Jesus og at det er «Frihet og legedom i Kristus.» Då vi var i kyrkja på søndag, la vi merke til at Alice kom svært seint til samlinga. I samtalen fekk vi vite at ho hadde sprunge rundt i heile landsbyen og bede inn folk til gudsteneste!

Det var fantastisk og gledeleg å høyre, sjå og oppleve dette paret! Dei stråla!

Takk til Gud og alle som støtter dette arbeidet! Det bær frukt!

(Vi har fått lov av Alice og Isac og skrive dette).

 Jorunn Sæle og Magne Bjørkhaug