Mitt vitnesbyrd

Vi møtte Agnes då ho var tolk på eit søndagsmøte i Uganda, januar 2018. Temaet for undervisinga var: ”Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid”, i regi av HgK. Vi kjørte tilbake frå møte, saman med henne og i bilen fortalde ho litt om seg sjølv, og vi spurde om ho kunne koma innom dagen etter for eit intervju, noko ho svært gjerne ville.

Agnes er gift og har tre barn. Mannen har eit arbeid der han er vekke frå heimen i veker. Agnes tek seg av hus og heim.
Det som har vore vanskeleg for henne, er eit familiemedlem som på ein måte har invadert huset hennar. Denne kvinna kunne koma og dirigere og styre med borna og kommentere korleis Agnes styrer sitt hus.
Relasjonen til kvinna hadde vorte verre og verre. Til sist klarte Agnes ikkje vere i same rom som henne. Ho opplevde at ingen ting var bra nok og at kvinna hata henne. Dette førte til at Agnes også kjende på hat og sinne mot denne kvinna. Ho vart nedtrykt og kjende på indre smerte og ufred. Slik var det i nære 10 år 

For eit år sidan hadde vi frå HgK Norge eit søndagsmøte i Uganda med same tema: ”Jesus er i går og i dag den same”. Agnes var der.
Under talen kjende ho Den Heilage Ande tale til henne: ”Dette er dagen då du kan bli fri”! Agnes knelte ned ved stolen og gråt. Ho bekjente sine negative tankar og haldningar overfor slektningen, og bestemte seg for å tilgje henne og ho ville byrja å be for henne.
Agnes bad for kvinna kvar dag, og ein heilings prosess byrja i henne. Den indre smerten og hatet forsvann gradvis og ho kjende ein indre fred. Til si forundring opplevde ho at også slektningen tok til å forandre seg til det betre, og desse to kvinnene har i dag eit godt forhold.

Søndag etter var vi igjen på møte, og denne gangen var det Agnes som talte.
Temaet var «Kjærleik»! Teksten var frå 1. Kor 13. Agnes hadde forstått bodskapen fullt ut! (Vi har fått lov av Agnes å dele dette.)

Agnes

Agnes, januar 2018.