Eit sterkt møte med ein hardt prøva familie. Besøk i ei nystarta kyrkje Første søndagen i Uganda i januar 2018 var vi invitert til Gospel Hope Church-Kiijjabijjo, i daglegtalen: Alice’s kyrkje. Dette er ei lita kyrkje ca. 1 time frå Kampala. Rommet består av tre veggar av bambus, halve taket av bølgeblekk og resten av taket er ein presenning. Inne i rommet var det dekorert med tynne tøystykke. På eit kvitt tøystykke med blonder rundt, var det skrive: «Full word of God» med gullbokstavar. Musikken var ei tromme somt rytmeinstrument som var laga av blikkboksar med erter eller tørka bønner!