Agnes fra Uganda

Posted by Helhet, With 0 Comments, Category:

Agnes

"Jeg hatet den kvinnen som på mange måter invaderte huset mitt. Hun dirigerte og styrte, og det førte til at jeg ble nedtrykt og følte på smerte og ufred.
I møte med HgK fikke jeg lære om tilgivelsens kraft. Jeg valgte å be Jesus om tilgivelse for hatet og ba om hjelp til å tilgi. Da begynte en prosess som førte til forandring både for meg og denne kvinnen."

Det er Agnes som fortalde dette. Vi møtte då ho var tolk på eit søndagsmøte i Uganda, januar 2018. Det var Magne Bjøkhaug fra HgK Norge som underviste og temaet var "Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid".

Vi kjørte tilbake frå møte saman med henne, og i bilen fortalde ho litt om seg sjølv. Vi spurde om ho kunne koma innom dagen etter for eit intervju, noko ho svært gjerne ville.

Agnes er gift og har tre barn. Mannen har eit arbeid der han er vekke fra heimen i veker. Agnes tek seg av hus og heim.

Det som har vore vanskelig for henne, er eit familiemedlem som på ein måte har invadert huset hennar. Denne kvinna kunne koma og dirigere og styre med borna og kommentere korleis Agnes styrte sitt hus. Relasjonen til kvinna hadde vorte verre og verre. Til sist klarte Agnes ikkje vere i same rom som henne. Ho opplevde at ingen ting var bra nok, og at kvinna hata henne. For Agnes førte det til at også kjende på hat og sinne. Ho var nedtrykt og opplevde smerte og ufred. Slik var i nære 10 år.

For eit år sidan hadde vi frå HgK Norge eit søndagsmøte i Uganda med same tema: "Jesus er i går og i dag den same". Agnes var der. Under talen kjende ho Den Heilage Ande talte til henne: "Dette er dagen då du kan bli fri". Agnes knelte ned ved stolen og gråt. Ho bekjente sine negative tankar og haldningar overfor slektningen. Ho bestemte seg for å tilgje henne og byrja å be for henne.
Agnes ba for kvinna kvar dag, og ein heilingsprosess byrja i henne. Den indre smerten og hatet forsvann gradvis og ho kjende ein indre fred. Til si forundring opplevde ho at også slektningen tok til å forandre seg til det betre, og desse to kvinnene har i dag eit godt forhold.

Søndagen etter var vi igjen på møtet, og denne gangen var det Agnes som talte. Teamet var "Kjærleik" Teksten var fra 1.Kor.13. Agnes hadde forstått og tatt imot bodskapen fullt ut.
(Vi har har fått lov av Agnes å dele dette).